Oppg 1
Haugtussa byr på ei verd fylt av nissar, dvergar, tussar og troll, noko som med fyrste augeblikk kan virke framand på det moderne menneske. Er slike tekstar forelda eller kan vi framleis dra nytte av dei?
Vi lever i ei verd med høgt produksjonskrav og med dette blir kravet om å halde grepet om røyndomen stor. Med slike forventningar til menneske kan vi alle trenge ei lita røyndomsflukt. Eg trur eit kvart menneske har eit behov for å drøyme seg bort til ei anna verd der berre fantasien set stoppar for kva som kan skje og kva ein kan gjere. Vi lever trass i i ein tid fylt til ripa av science-fiction- og fantasylitteratur, Harry Potter og Ringenes Herre. Dette er eit prove på menneske si grense; kor mykje er vi villige til å lære før vi ikkje orkar meir? Kor mykje røyndom og problem klarer vi ta til oss før vi stengjer alt ute? Ein ting er allefall sikkert; nettbaserte, røyndomsflyktige spel som World of Warcraft er meir populære enn nokon gang. Med andre ord: vi vil ikkje sjå meir, vi har pakka sekkene og reist. Forhåpentlegvis er det ikkje lenge til vi landar igjen og da får vi berre krysse fingrane for at vi landar med beina først.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar